Sv: Kildesortering
Her eg bur går matavfall i restavfallet. Altså blir matavfall kasta som vanlig boss. Vi sorterer ut papir (eigen dunk), plast (som går i eigne gjennomsiktige, store søppelsekkar som blir henta ca. 1 gong i månaden) og glas/hermetikk (som vi kastar i kontainer ved butikken). Eg syns papir er det som er mest plasskrevjande faktisk. Der går aviser og blad og mykje embalasje til mat. Plast blir skylt og lagt i plastbøtta på kjøkkenet. Når den er full klemmer vi posen saman, knytter og legg den i den store plastsekken som står i garasjen. Ved å sortere ut plast, papir, glas og hermetikk får vi lite restavfall ja, sjølv om vi i denne kommunen ikkje gjer noko fornuftig med matavfall. Håpar det kjem ei ordning på det også.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|