Raske tips om kosthold utan egg og melk
Om ein halvtimes tid får eg besøk av ein familie der minsten, som blir amma, ikkje tåler egg og melk (protein). Mor unngår derfor denne maten. Ho unngår også mat som kan inneholde spor av egg og melk, t.d ein del kokesjokolader etc, som teoretisk sett er utan melk.
Dei flyttar til Norge (i dag), og kjenner ikkje norske matvarer. Eg må derfor hjelpe til litt. Dei første 14 dagane bur dei hos oss, og eg er hovedkokken.
Vi lagar glutenfritt til jenta vår, så eg er van med å tilpasse mat, og gjer det gjerne. Men eg merker at eg må konsentrere meg litt nå, for det er jo melk i nesten alt av middag syns eg. Eg treng visst ei lita heilomvending!
Finst det sjokolade som er komplett utan spor av melk? Eg veit om soyamelk, havremelk, eggerstatning etc, men er det best å bruke dette i maten til alle (vi er 8 stk totalt i huset), eller lage eige til ho som ammar? Oppfører soyamelk seg som vanlig melk?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|