Vis enkelt innlegg
Gammel 09-08-17, 15:10   #70
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.496
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Arv og miljø - Vigdis Hjort

Opprinnelig lagt inn av Timar, her.

Fullstendig avsporing: Er det riktigere å gi ut bøker av en dyktig forfatter med en historie få vil lese enn en uerfaren forfatter med en historie mange vil lese, altså?

Tja ... Det blir den gamle diskusjonen om kor vidt bokbransjen høyrer til børs eller katedral. Generelt blir eg provosert over at bokbransjen prioriterer marknadsmessig og ikkje estetisk, tatt i betraktning at det er ein bransje med ei rekke konkurransefortrinn. Det er fritak frå moms på bøker og bokbransjen har lov å drive med konkurransevridende lovar, som fastprisavtalen (at ingen har lov å selje bøker med meir enn 12,5% rabatt, før 1. mai året etter utgivelse). Dette er fortrinn bokbransjen har som einaste bransje, fordi bøker og lesing blir sett på som ein viktig del av kulturen. Det er stadig fleire bøker som blir vurdert av marknadsavdelingane og ikkje på litterære kvaliteter (endringar i utgivensespolicy er godt dokumentert i ein artikkel sv Cecilie Naper frå 2009, "Fra mangfold til enfold" og i Norsk litteraturkritikks historie). Det er - i mine auge - ugreit at bransjen ikkje forvalter det ansvaret dei har fått. Konkurransefortrinn som momsfritak og fastprisavtale, er fortrinn bokbransjen har fordi det tradisjonelt har vore politisk einigheit om at kulturforvaltninga og bredde i bøker ikkje skal henge på kommersielle hensyn. Dei siste åra har utviklinga mot ein meir kommersiell bokbransje prega utvalet av tilgjengelige bøker. Samtidig betaler vi forbrukarar framleis fastpris på årets bøker. Det synest eg er ugreit.

Når det gjeld debattagendaen, ser eg argumentasjonen. Eg meiner likevel at forlaget har eot redaksjonelt ansvar for å bevare estetiske minstekrav når dei gir ut ein roman. Hadde boka til Helga Hjorth blitt presentert som sakprosa, i form og debatt-bok, hadde eg ikkje hatt dei same estetiske forventningane. Men som roman, i ein bransje fastpris og momsfritak, forventer eg at ein skjønnlitterær redaktør skal vurdere alle aktuelle manus på same estetiske grunnlag. Og her ser det ut som om det er kommersielle vurderingar som ligg til grunn. Med forbehold om at eg ikkje har lese boka ennå.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat