Vis enkelt innlegg
Gammel 22-08-13, 12:08   #41
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.502
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: "Dokker" for "dere" på nynorsk?

Eg reagerer og på at dei har auka valfridommen og at det ikkje var det som var poenget.

Når det gjeld subjekt-/objektsform, synest eg at det er eit generasjonsskilje i talemålet heromkring på +/- 20 år, ikkje bare i 2. og 3. person fleirtal, men i generell bruk av pronomen. Dei gongene eg har forsøkt å forklare elevane mine når dei skal bruke 'de' og når dei skal bruke 'dykk', har eg inntrykk av at forståinga av kva eit subjekt og kva eit objekt er, ikkje er noko dei fleste har med seg frå ungdomstrinnet og det overrasker meg. Eg har ofte vore nødt til å repetere grunnleggjande setningsanalyse, og det er stort sett bare elevar som har hatt tysk på u-trinnet som forstår kva det i det heile tatt dreier seg om. Eg veit ikkje om dette generasjonsskiljet er knytta til dei som har fulgt L-97-læreplanen eller ikkje, men det kan nesten sjå slik ut. Eg synest på ein måte at det er fint å kunne avblåse all 'de'- og 'dei'-forvirring med å ta i bruk 'dokker'. Samtidig synest eg det ser ut til å vere ein tendens til at språknormene beveger seg bort frå bruk av subjekt- og objektsformer (han/ham er jo og valfritt nå, for å ikkje bevege meg inn på de/dem). Og eg trur at det å kunne velje bort desse skilja er med på å skape forvirring, det er ingen grunn til å kunne grunnleggjande setningsoppbygging. Det er og ein klar tendens blant elevar eg har fulgt til å skrive subjektslause setningar (noko eg mistenker heng saman med sms og 160-teiknskommunikasjonen). Og eg er overraska over at dei ikkje skjønner tilbakemeldinga, når dei får beskjed om at dei mangler subjekt i mange setningar.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat