Vis enkelt innlegg
Gammel 21-04-18, 11:44   #6
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.493
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Valgfrihet til videregående skoler

Eg tenker og at det er fordelar og ulemper med fritt skuleval. Sjølv søkte eg meg bevisst bort frå Oslo-skulen då eg jobba i vidaregåande, og eg søkte til skular med både studiespesialisering og yrkesfag. Likevel er det gjerne sterk linjetilhøyrigheit og lite kontakt på tvers av linjene på slike skular. Samtidig er det meir bredde i elevmassen viss ein kjem til Nittedal, Lørenskog eller Bærum.

Noko av forklaringa trur eg er knytta til at andre fylker enn Oslo har større avstander. Sjølv om det er fritt skuleval i Rogaland, reiser ikkje ungdom frå Haugesund til Egersund, eller endå lenger i fylker som Nordland og Finnmark.Avstanden frå Groruddalen til Persbråten eller Lambertseter er betydelig mykje mindre. Dermed blir fritt skuleval likevel knytta til lokalområdene i rimelig grad, i fyller kor dei vidaregåande skulane ligg relativt spredt. Dermed blir ikkje problematikken med store nivåforskjeller like stor i andre fylker. Og der ser eg store fordeler med fritt skuleval. Elever som har komme skeivt ut sosialt på ungdomstrinnet får moglegheit til å velje miljøskifte i bytte mot litt ekstra reiseveg, for eksempel.

Men i Oslo er det eit problem, og særlig knytta til dei skulane som tiltrekker seg elevgrupper med svak faglig bakgrunn. Før nedlegginga av Sogn var det der problema hopa seg opp, nå har Ulsrud mykje av same problematikken. Det er gjerne ikkje rift om undervisningsstillingane på desse skulane heller, dermed blir det fort ein negativ spiral, der dei skulane som har størst utfordringer strever mest med å få tak i personale som har kapasitet til dei ekstra utfordringane. Skular som Katta, Elvebakken og Nydalen har langt fleire søkarar på stillingane dei lyser ut, enn meir «berykta problemskular». Og då blir det fort ein sjølvforsterkande effekt, slik det har blitt i Oslo.

Eg tenker at det vi ser i Oslo er ekstremkonsekvensen av fritt skuleval. Vi ser og at sjølv om Utdanningsetaten forsøkte å rydde opp i problema rundt Sogn, ved nedlegging og flytting av personale på ulike linjer til ulike nye skular. Men det same gjentek seg ved at problema blir flytta til andre skular.

I lokalmiljø med litt større avstand er det mindre markerte forskjeller frå skule til skule. Og i slike fylker synest eg ikkje fritt skuleval er problematisk.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat