ahh.. soooove
Vi er på ferie. Ikkje så veldig flott og fint; vi er hos mine foreldre.
La meg ved midnatt i går, sov til halv seks når minsten våkna, og vi hadde vaktskifte klokka halv åtte. Då sto besteforeldra og eldste ungen opp, og eg sparka mannen ut av senga slik at han kunne bidra også. Eg la meg igjen og sov til halv elleve!
Eg er jo heilt utkvilt!! Har ikkje sove sånn på fire år, sidan ungane kom. For ein luksus! Slik har vi hatt det nå sidan vi kom; det er jo heilt fantastisk! Vi er to friske, opplagte foreldre! Og det er jo faktisk hyggelig å vere på lekeplassen med dei to trolla! Ingen av oss er irritable eller gretne.
Søvn betyr ein del forstår eg.
|