Er pris på gåver eit viktig poeng for deg?
Lille A har alt han treng. Vi kjøper dress, sko, kle o.l. etter behov, og vi har ikkje noko ønske om at han skal ha eit rom som bugnar over av leiker. Nokre år vert det naturleg å kjøpe ski, sykkel el.l. i gåve, men det er då ikkje kvart år ein treng nytt av slikt. Difor kjøper vi i år eit Duplo-sett til 300 kroner, slik at han får utvida Duplo-samlinga si.
Så til poenget:
Fleire eg kjenner uttaler at dei har eit gåvebudsjett på (t.d.) 1000 kr pr barn, og lurer på kva i alle dager dei skal finne på å kjøpe. Barna har jo alt dei treng. Er det verkeleg nødvendig å bruke opp ein viss sum på gåver til barnet? Skal prisen på gåva spegle kor "glad" ein er i barnet sitt?
|