Fargen Minty Breeze fra Jotun - Kva kombinere med?
Vi skal pusse opp stova og har null peiling på fargar. Men det veit eg at det er mange her inne som har!
Stova skal vere så lys som mulig, men eg har lyst til at den veggen TV'en skal henge på og som vi dermed kjem til å stirre mest på skal ha ein mørkare farge. Eg heller mest mot å brukte fargen "Minty Breeze" på denne. Sofaen skal vere grå og møblane ellers i rommet vil vere kvite, inkludert TV-benken som skal stå mot fargen "Minty Breeze".
Kva slags farge skal eg då ha på dei andre veggane og på lister/vinduskarmar? Eg tenker at lister og vinduskarmar bør vere hakket kvitare enn veggane.
Eg har tenkt på Chi eller Klassisk Hvit på veggane, men kva skal eg då i såfall ha på lister og vindu? Og blir Chi på veggane så kvitt at dei kvite møblane (blant anna Liatorp frå IKEA) vil gå i eit med veggane? I såfall bør eg vel heller velge ein bittelitt mørkare nyanse som passar saman med "Minty Breeze".
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|