Sleip telefonselgar ...
...eller hadde han rett?
Tre dagar på rad har det ringt frå Telenor i forsøk på å selge oss eitt eller anna. Fånyttes ettersom me har betalt både breidband og telefon via mannen sin jobb. Men eg svarte uansett som me pleier å svare: me kjøper absolut ingenting over telefon. Det pleier å vere nok.
Den tredje gangen dei ringde byrja det gå opp for meg at hey, me har jo reservert oss! Eg svarte som vanleg til telefonselgar og sa også at det forundra meg at dei ringde ettersom me har reservert oss i Brønnøysund-registeret. Mannen frå Telenor hevda så at me måtte inn i brreg.no ein gong per år for å fornye reservasjonen vår.
Det har eg aldri høyrt om og finner heller ingenting om dette på brreg.no.
Synes egentlig synd i telefonselgarar, eg. Fysj for ein jobb dei har (særleg om alle kundar er som oss og aldri kjøper noko som helst per telefon)
__________________
Bergensis
|