Fikse laptop
Har ein gamal asus laptop som eg må få fiksa på.
Spørsmålet er om eg berre skal tilbakestille maskina til fabrikkinnstillingar, og ta ting der i frå ?
Tanken er å gjera maskina om til ei familiemaskin. At ungane får kvar sin brukar. Dei skal bruke den til skuleting og sikkert nokre spel. Eg skal bruke den til skuleting og surfing.
Problemet no er full harddisk, der eg ikkje er sikker på kva som tar opp plass, og ein del program nektar å la seg slette ut. Det fristar å få oppgradert både ram og harddisk, men eg er usikker på om førstnevnte lar seg gjere.
Og dersom eg installerer nye harddisker, kva gjer eg med OS ? Eg har jo ikkje det liggande på ein cd akkurat.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|