Køyseng i vinkel?
Eg er sikker på at eg har sett det: Køyseng der den øverste er 90 grader i vinkel på den underste. Altså, overkøya er "tom" under; har plass til eventuelt bord og stolar og slikt.
Tingen er; vi har eit lite barnerom som to små skal sove i. Minsten er nå stor nok til å få vanlig seng (med sengehest). Vi får fint inn ei køyseng altså, men eg syns den blir så monumental. Eg kunne heller tenke meg ei køyseng i vinkel, slik at den underste kan smette inn under vinduet (vindu over føttene), og den øverste kan gå høgare oppe langs langveggen.
Nokon som har link? Har søkt på Stompa og IKEA. Trudde kanskje Stompa hadde, men mulig ein kan kombinere ei høgseng (sånn med sofa under) og ei vanlig seng?
|