Klesvask-krise! Hastar!
Vi fekk masse gode tjukke KVITE handdukar ( håndklær) til jul og to lyseblå.
Eg trudde at dei to lyseblå var så lyse at det gjekk fint å vaske dei med dei kvite, men der tok eg feil! No er alle dei kvite svakt lyseblå 
Kva gjer eg no?
Hiv dei kvite i vaskemaskina med ein gang og vaske dei med masse Blenda Hvitt?
Eller skal eg putte dei i badekaret med saman med vatn og Klorin?
Det er mamma som har kjøpt handdukane til meg og ho er på besøk her eit par dagar til, så eg må gjere alt eg kan for å ordne opp i fadesen før ho merkar det. Viss ikkje veit eg at ho kjem til å bli superskuffa over at eg er så sløv.
Operasjonen med badekaret kan bli ein smule vanskelig å få til uten at ho får det med seg......Alternativt kan eg fordele dei stakkars handdukane på fire vaskebøtter inne på vaskerommet og pøse på med Klorin.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|