Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Kommunikasjon > Skilpaddas flisespikkeri

De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?

Skilpaddas flisespikkeri Ingen flis for liten - her er det fritt frem for alle pedanter!

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 08-08-12, 20:57   #23
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.755
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?

Opprinnelig lagt inn av Toffskij, her.

Kanskje litt kryptisk formulert av meg, bai (og det endå det er ein av kjepphestane mine). Eg meiner vel berre at det er for mange motstridande tradisjonar og normsett i nynorsken, og for mange mørkemenn og fraksjonar. Og ikkje noko av dette er eigentleg skrive ned nokon stad, så det blir vanskeleg for folk å navigere.

Eg har møtt ein av desse (eller, det var forsåvidt ei mørkekvinne), dagen før innlevering av ei tisiders oppgåve. Det var eit angstfylt møte. Heldigvis møtte eg eit fornuftig menneske seinare på dagen.

Opprinnelig lagt inn av Polyanna, her.

Eg synest (synes? Synst??? Nektar å skrive Tykkjer, altså!) at det er litt smakssak og. Når enkelte skriv så bokmålsnært at du inne teksten snur han til bokmål i hovudet, før du må vrenge tilbake igjen til nynorsk, sånn samnorsk, då blir det veldig slitsomt å lese. Det er ein eller annen aviskommentator som skriv sånn (eller er det radikalt bokmål han skriv?), og det gjer veldig dårlig flyt.

Men krøkkete og stive og lite brukte vendingar som på død og liv skal brukast fordi "sånn er det", det har eg ikkje sansen for.

Det siste du sa der, det er det eg og meiner. Og eg bruker også synest, sjølv om eg er usikker på om over nemnde mørkekvinne ville godtatt det.

Opprinnelig lagt inn av Hondacrv, her.

Oj. Eg skreiv mi på nynorsk, i Bergen, med ein rettleiar som har sterk dysleksi.

Rettleiaren min blei glad då eg valde bokmål. Men eg skreiv innafor eit fagområde kor det språklege var med i vurderingskriteria.

Opprinnelig lagt inn av Toffskij, her.

Dokker er lov i nynorsk no frå 1. august, både som subjektsform og objektsform.

Og elles er eg ikkje samd med deg, gajamor, eg trur ikkje ein enda større/total valfridom er vegen å gå. Skrift og tale er to ulike ting, og skriftspråket må alltid vere ei idealisering og forenkling i høve til talespråket. Det er berre ein representasjon, kor som er. Slik sett er det ingen skilnad på bokmål og nynorsk, og det synest eg heller ikkje det skal vere.

Og folk likar ikkje valfridom heller, dei likar reglar. Tru meg, eg har hatt fleire jobbar med element av språkrådgiving i seg, og folk blir berre sure og frustrerte om svaret på spørsmålet deira er «Båe er like bra.»

Er dokker lov!? Då utgår jo kjepphesten min: "Nå må de skjerpe dykk!".

Eg trur heller ikkje meir valfridom gjer det enklare å navigere.

Opprinnelig lagt inn av zeppelin, her.

Monge gode innspel her. Takk for engasjementet. Finnes det eit godt nynorsk ord for engasjement?

Eg trur heller ikkje valfridom er ein god ting, stort sett. Det blir berre meir å diskutere og ta val på.

Mener forresten å ha lese at formen bare går ut, og at no er berre berre lov. Må sjekke opp om eg hugsar rett... Fekk nett informasjonsbrosjyre frå språkrådet i posten.

Eg må få tak i dei nye retningslinjene. Og eg kjenner at eg likevel vil fortsette å skrive 'bare'.

nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Trådverktøy
Visningsmåter

Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 10:20.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no