Utetemperatur - kva likar du?
Ser i ein Kreta-tråd her inne at mange likar det hett... 
Eg tolererer varme svært dårlig - eg blir rett og slett sur og gretten av over 25/26 grader - da kryp eg innomhus og vil helst stå i dusjen heile tida. Eg kan ikkje fordra svette kle som klistar seg til huden og vått nakkehår!!
For de som likar varme: er det slik at trivselen er avhengig av tilgang til strand, eller er de også fornøgde med 30 grader inne i ein by, i ein solvegg, eller på uterestaurant?
Kva er din ideelle temperatur for heilt vanlege dagar der du skal på jobb? Kva når du er på ferie? Er dine preferansar ulike etter kva land du er i? For min del er 22/23 grader om sommaren heilt ideelt - uansett kor eg befinn meg hen. Eg har vore i sør-europa og nord-afrika fleire gonger, og syns varmen er direkte plagsom og hemmande for alt eg har lyst å gjere. Eg trur eg må innsjå at eg må halde meg unna desse områda om sommaren. Eg var ein gong i Roma like etter påske - det var heilt ideelt for meg 
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|