Kva med organdonasjon når du er frisk og rask?
Ser i tråden "Hvordan forholder du deg til organdonasjon?" at dei fleste ville donert vekk organ når dei ikkje treng dei meir, dvs er hjernedød etter ulykke og liknande.
Men det er jo også mulig å donere vekk den eine nyra mens ein fremdeles er i live. Kor mange her ville gjort det? Og kven ville du i såfall donert til? Egne barn? Mann/samboer? Foreldre? Venner og bekjente? Eller kanskje til og med heilt fremmede personar?
Eg er i den situasjonen at eg føler eg burde donere vekk ei nyre. Men eg vil ikkje, og føler meg som ein superegoist.
Dersom det hadde vore mine barn eller min samboer hadde eg ikkje vore i tvil. Men det er mora mi det er snakk om. Eg er livredd for at det skal oppstå komplikasjonar og at eg ender opp med å gjere mine eigne barn morlause....
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|