Sv: Farsen i Kongo
La oss seie at historia om landeveisrøvarar er sann. Dersom eg hadde vore i deiras sko kunne eg godt funne på å ta eit slikt bilde og til og med smile på det. Dette er sikkert ikkje det første drapet desse to har vore vitne til. Med eit slikt yrke som dei har utviklar ein etterkvart litt galgenhumor for å overleve mentalt. Det må ha vore ganske dramatisk å berre såvidt overleve eit angrep frå landeveisrøvarar, så litt galgenhumor mens ein vaskar blod kan ha vore ein måte å avreagrere på.
Eg anar ikkje om dei snakkar sant, men hundre prosent uskyldige trur eg ikkje dei er. Eigentlig trur eg at både dei og sjåføren er skurkar og at dei muligens drepte han i sjølvforsvar etter ein krangel. Men uansett har dei krav på ei skikkelig rettsak! Dette som foregår no er jo berre vås. Nesten som ein såpe-opera for å underholde folket. Og eg trur ikkje folket blir fornøgd dersom dei ikkje blir henretta. Då blir det liksom litt anti-klimaks på slutten.
Eg er i mot dødsstraff uansett, så eg syns absolutt at norske myndigheiter burde gripe inn dersom det blir bestemt at dei skal henrettast.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|