Barnefri helg i januar - kva skal me finne på?
Yep, mamma ville gjerne ha alle ungane ei helg i januar og da har me barnefri ei heil helg utan planer enda. Ikkje ofte det skjer.
Har litt lyst å reise ein plass, oppleva litt berre oss.
Har vore innom Bergen/Oslo hotellhelg med god mat, kino/revy o.l, Lillehammer alpinthelg, Beitøstølen apint og hundesledehelg....
Har tenkt på storbyweekend i Europa ein plass med sidan det kun er fredag til søndag så syns eg kanskje det blir litt stress, har 3 t kjøring til flyplassen som kjem i tillegg.
Mannen har bursdag i november så tenkte det kunne være gave til han så eg har ikkje sagt noko til han.
Bør helst ikkje koste veldig masse da me skal til Svalbard i april.
__________________
Strong is the new skinny
|