Sv: Kjenner du noen som overbeskytter barna sine?
Eg kom forresten på ein episode frå i sommar på Gran Canaria som eg har tenkt mykje på i ettertid.
Dette var på Sunwing Resort i Arguineguin.
Ein norsk familie som havna ved sida av oss ved barnebassenget fleire av dagane hadde ei meget overbeskyttande og på grensa til hysterisk mor. Eldstejenta var vel ca 8-9 år og blei tvungen til å ha på seg armringar og badering i barnebassenget. Sjølv om vatnet berre rakk ho til midt på låret på det djupaste. Eit par gangar prøvde ho seg på å gå ut i vatnet uten flyteinnretningar på seg, men då blei mora rasande sint. Tok ho hardt i armen og drog ho opp på land igjen for så å skjelle ho ut. Dei andre ungane i bassenget såg jo kva som skjedde og jenta blei skikkelig flau, stakkars. Begynte å grine og følte seg nok ganske dum sidan ho var den einaste i skulealder som måtte ha armringar og badering.
Eg vurderte å komme med ein forsiktig kommentar om dybden på vatnet og den ekstremt lave sannsynligheten for drukning, men eg beit det i meg. Får endå vondt inne i meg av å tenke på denne jenta. Men det kan jo ligge meir bak enn det eg veit. Kanskje denne mora har opplevd at nokon som stod ho nær har drukna. Likevel syns eg kanskje ho heller burde søke hjelp til å takle frykta framfor å la det gå utover ungane.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|