Sv: Hvilken vaskemaskin anbefaler du?
Ville lagt litt pengar i ei ny maskin. Eg ville sett etter diverse funksjonar som godt ullprogram, program for finvask, mulighet til å korte ned program, stor nok trommel, mulighet for å endre hastighet på sentrifuge, tidsinnstilling (timer) mm.
Særleg dette med å kunne korte ned vaskeprogrammet har vore gull verdt. Ei ikkje heilt stapp full maskin køyrer eg på kortare tid med godt samvit. Timer gir deg muligheten til å time når vasken skal vere ferdig. Eg ordnar det sånn at vaskemaskina startar grytidleg, og da kan eg ta ut vasken når eg står opp. Display viser kor lang tid det er igjen. Dette gjer at eg kan ta ut klesvasken med ein gong den er ferdig. Da er det enklare å henge opp klær på ein sånn måte at eg ikkje har behov for å stryke.
__________________
Bergensis
|