Touch-metoden
Yepp.. kan du den?
I 1985 lærte eg "touchmetoden" i Maskinskriving i 9. klasse. Det var mitt valfag, og vi lærte å skrive adresselappar til postpakkar og slike ting 
Det som var VELDIG nyttig var touchmetoden. Vi skreiv på gamle skrivemaskiner (ikkje elektriske ein gang), og prinsippet går på at ein skal kunne bruke alle ti fingrane, og kvar finger har ansvar for nokre bestemte bokstavar. Ein skal kunne skrive utan å sjå på tastaturet.
Eg har greid å holde dette vedlike. Eg skriv mykje brev i jobben, og hamrar fort og gale med alle fingrane på tastaturet. Fleire av mine kollegaer har kommentert at eg er i stand til å snu meg mot dei når dei kjem i døra, men at fingrane mine held fram å skrive medan eg fullfører setningen.
Er touchmetoden heilt ut eller? Kva lærer folk nå, og kor lærer ein det? Er det fleire enn meg som praktiserer dette?
|