Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Fritid og hobby > Gremlis reise- og fremmedspråkforum

Svalbard - ein stor opplevelse

Gremlis reise- og fremmedspråkforum Forum for diskusjon av reiser, reisemål, og fremmedspråk.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 20-04-10, 19:31   #1
Zip
I farta!!
 
Zip sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 5.500
Blogginnlegg: 59
Zip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de flesteZip er kulere enn de fleste
Standard

Svalbard - ein stor opplevelse

Me kom heim fra Svalbard tur i går så tenkte eg skulle vise nokre bilete. Det var ein heilt fantastisk tur, anbefaler verkeleg alle å reise dit. Me kjem til å reise tilbake ganske snart, det er heilt sikkert. Me var der fra onsdag til søndag og fekk oss eit ekstra døgn i Tromsø før me kom heim i går.

Me reise sammen med eit anna par og leigde leilegheit, veldig kjekt og midt i sentrum. Onsdagen gjorde me oss berre litt kjent, åt mat o.l. Torsdag var det tidleg opp for å hente scooterane (alle hadde kvar sin) me hadde leigd å komme oss avgårde. Mannen kjenner ein som bur der oppe så han var med som privat guide, gull verdt. Me kjørte til Tempelfjorden der det står ein innefryst båt, så til ein isbree også Pyramiden, som er ein forlatt russisk "by". Me kjørte 24 mil på scooter denne dagen. Bra vær. Fredagen var det blå himmel og knallsol, ny scootertur. Denne gongen til Kapp Linne, Isfjord Radio, som er ein nedlagt radiostasjon ytterst i Isfjorden. No kan ein overnatte og bestille mat der. Me hadde bestilt lunsj og fekk nydeleg mat. Så bar det videre til Barentsburg som er ein russisk gruveby. Bur nokon hundre der. Spesielt å sjå det samfunnet, fattige tilstander sammenligna med norge. Så kjørte me videre til Coles Bay (gammal kullhavn), også opp på Nordenskjold toppen tilslutt, 22 mil ca denne dagen.
Lørdag var eg og mannen på Isgrottetur (dei andre på hundesledetur fordi venninna mi har litt klaus). Det var verkeleg fantastisk. Me gjekk inni smeltevannskanalane til Longyearbreen, veldig fasinerande.

Søndag var det heimreise og flyet me skulle reise med blei ikkje innstilt men me kom berre til Tromsø, sjekka inn på hotell der kl 1130 og måtte bli til neste dag. Men det gjekk fint, da fekk me sett oss om i Tromsø og.Kom med første fly heim nese dag.

Her er nokre få bilder.

Tempelfjorden og båten


Ved foten av ein stoor isbree, eg er langt der framme ved breen.


Kjørte forbi ein sel med baby

__________________
Strong is the new skinny

Sist redigert av Zip : 20-04-10 kl 19:37.
Zip er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 09:06.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no