Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Fritid og hobby > Gremlis reise- og fremmedspråkforum

Sekstenåring som reiser alene - hva bør vi huske?

Gremlis reise- og fremmedspråkforum Forum for diskusjon av reiser, reisemål, og fremmedspråk.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 15-06-10, 23:05   #21
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Sv: Sekstenåring som reiser alene - hva bør vi huske?

Gi beskjed om at han skal ringe heim frå flyplassane han mellomlander på, men ikkje få panikk om han ikkje gjer det - ikkje sikkert det er telefonkiosk der han er, hjan mangler myntar, kredittkort funka ikkje etc.

Sjekk om det finst oversikt over landingar/avganger som de kan følge med på, er flyet inn forsinka så rekk han ikkje ringe før neste fly - greitt å vite. No news is good news, om han ikkje har gitt lyd frå seg ein time etter faktisk avgang så er han nok på flyet :-)

Ha ein plan for kva han skal gjere dersom slektningane i Guatemala av ein eller annan grunn ikkje er der. Kva om han og flyet er forsinka, evt om han vart sendt med eit anna fly i standen? Kan han ringe nokon lokalt? Kan dei gi han beskjedar på/til flyplassen? Er det stor sjanse for at dei er forsinka? Skal han ta seg vidare på eiga hand (nei....) eller vente uansett (ja...)? Vente på flyplassen, innafor eller utanfor eit eller anna? Ta inn på flyplasshotell? Dette er kanskje den biten eg ville tenkt mest gjennom, for det er nok her han vil måtte klare seg mest på eiga hand om noko uventa skjer. Han er sliten når han kjem så langt, så det kan fort vere fristande å tenke "det går sikkert bra å ta taxi til familien aleine" - så ein plan som framstår som eit behageleg alternativ til det kan vere lurt.

Pass på at han veit at flyselskapet har ansvar for han ved forseinkingar - mat og hotell etc. Eg sto i "snøstorm" i Paris som 17-åring og ringte ein to år eldre brevvenn for overnatting fordi eg ikkje ante noko om at SAS faktisk skulle ha skaffa meg eit hotellrom for natta. (Det gjekk bra det, altså, foreldre var veldig hyggelege og han sov i stua mens eg fekk rommet hans. Neste morgon køyrde dei meg til flyplassen.)

Elles er det ikkje veldig mykje som kan gå galt så lenge han er ute i god tid og veit AT han skal vere det og kva "god tid" betyr. At det går flytog kvart 20. minutt i Oslo betyr ikkje at det gjer det alle andre stader, og knutepunkt-flyplassar er gjerne enormt mykje større enn Gardermoen.

naima er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 11:59.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no