Korleis bruke mislykka langpannekake?
Eg bakte ei sjokolade-langpannekake i går. Den blei litt lite steikt (men veldig god), og gjekk heilt i oppløysing når eg skulle lage sjørøverskip av den.
(eg bakte ny kake og fekk skipet mitt).
Så nå ligg den første langpannekaka i ei stor skål, oppsmuldra, i små bitar og lite pen, men den er luftig og deilig. I morgon skal vi ha bursdagsbesøk av bestemor og bestefar. Kan eg trylle fram ein slags dessert av dette kakeforsøket mitt? Syns det er synd å kaste sånn god kake, men det er altfor mykje til at eg skal mumse det i meg kvar gong eg går forbi kjøkkenbenken.
|