Sv: Utsagn i artikkel om at kvinner vil forsørges, fra Dagbladet
Men altså, er det virkelig så forbudt å nyte livet litt, då? Dersom ein har råd til det?
Eg og mannen har diskutert muligheiten for at vi begge to kan gå ned til 80% stilling ein periode om nokre år når eg har fått meg ein skikkelig jobb med skikkelig lønn. Stipendiatlønna tillatter ikkje sånn luksus.
Vi har relativt lite lån (under ein million) og kjem til å ha brutto årsintekt på rundt ein million dersom begge er i full stilling.
Pensjonstilværelsen er eg ikkje bekymra for sidan vi begge to kjem til å arve ein ok slump med pengar av mødrene våre.
Er det virkelig så ille om vi bestemmer oss for å ta det litt rolig nokre år?
Vi lever tross alt berre ein gang, så eg forstår ikkje kvifor eg skal stresse rundt heile tida. Når eg er ferdig med dr.graden har vi sannsynligvis tre ungar som skal køyrast rundt frå den eine fritidsaktiviteten til den andre og følgast opp i forhold til lekser og diverse anna. Då hadde det vore veldig godt med ein fridag for veka for å få litt pusterom.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|