Sv: Hvorfor liker dere ikke vinteren?
Nei, kvar skal eg byrje?
- eg hatar å fryse
- det blir mørkt og trist, for sola når ikkje ned her vinterstid
- mykje styr med masse klær
- eg hatar sørpe og holke som vinteren ofte dreg med seg her i distriktet
- eg får ein absurd kuldeurtecaria dersom gradestokken synker under fem minus
- podens, til vanleg, svært lette astma blir verre i kuldegrader
- me får alle tørr hud i kulden
- folk held seg inne, me ser feks. knapt naboane i 8 månader
- mykje meir sjukdom i omløp vinterstid, og eg tenker da spesielt på norosvirusf**nskap
- jule- og nyttårshøgtida er ikkje høgdepunkt å sjå fram til for min del
Eg bur i feil del av verda. Men Norge er eit utruleg bra land å leve i på så veldig mange måtar. Det er berre fullstendig malplassert geografisk sett.
__________________
Bergensis
|