Eremittkrepsene - kjenner du handlinga? Treng hjelp!
Eg høyrer på lydbok kvar dag på bussen - låner på biblioteket or rippar til filer som eg legg på mobilen (ja det er lov).
No høyrerer eg på "Eremittkrepsene" av Ragde, dvs. bok to i serien. Eg har aldri lest dei, og heller ikkje sett filmen (nei, faktisk ikkje), og kjenner ikkje historien. I dag høyrde eg siste lydspor i bok 2, men eg trur her er noko feil i filene mine. For boka sluttar med at Torunn nettopp har funne far sin i fjøset, møter avløysaren på tunet, og trykker ned dørklinka heime. Der hugsar ho at dette har far hennar gjort i alle år, men sjølv er ho gjest. Dette er vel omtrent siste setningen (ikkje ordrett).
Neste bok, "Ligge i grønne enger", startar med at Torunn sit med hendene på rattet i bilen sin, og skal møte mor si på cafe i Trondheim.
Eg føler at det manglar noko vesentlig her - om Tor sin død og det som skjer etterpå. Kan nokon fortelle meg om "Eremittkrepsene" held fram litt lenger enn det eg har beskreve? I så tilfelle må eg låne lydboka på nytt...
|