Sv: Kom med geniale måter å vaske persienner på
Sånn persienne-støvkost har eg hatt, og den fungerer ikkje. I alle fall ikkje på fett! Den kostar nok av laust støv, til ein viss grad. Og forresten er den fomlete å bruke. Meir jobb å tre persiennene inni og dra jevnt bortover (dei bølgar seg jo), enn å tørke av med klut.
Mine tok eg ned og la flatt på betongunderlag ute. Min snille far på over 70 år låg på alle fire og gjorde dei reine med klut og salmiakkvatn, ei og ei rad om gangen. Dette var før utflytting av leilighet, og det måtte vere skikkelig reint.
Kjem ikkje til å ha persienner igjen - da blir det heller liftgardin eller sånn frosta film i vinduet. Det finst jo masse fin film å få tak i!
|