Tett wc - rørleggar neste?
Minste har klart å få wc-blokka som hang på kanten av toalettet ned i wc og deretter spylt ned. Resultatet er sjølvsagt tett wc. Forsøk på å fiske opp elendigheita er mislukka. Kva gjer vi no? Er det berre å kontakte rørleggar måndag morgon?
Toalettet er vegghengt. Må halve badet demonterast for å få fiksa dette?
Sidan vi nettopp har betalt ei verkstadrekning på kr 36 000,- passa dette mildt sagt dårleg. Og kvifor i all verden skjedde ikkje dette på det andre badet, der eg prøvar å overtale mannen til å setje igong oppussing frå grunnen av? 
|