Bunadsskjortetråd nr. III - strykekant langs ermet?
Jepp, da har eg stroke jentungen si skjorte, som berre er i bomull da. Den blei veldig fin, men det er ganske plundre med skjorte i str. 6 år altså. Eg har ikkje sånn lite erme-strykebrett; kunne godt tenke meg det (til å tre ermen inni), men så er det da berre ein gang i året ein treng det egentlig...
Mi skjorte er vaska på 40 grader håndvask med milo i maskin, og er ganske drypp våt faktisk. Får la den henge litt på badet, og stryke seint i kveld - eller i morgon.
Det eg lurte på her: stryk de ein sånn kvass kant oppå ermet? Eg forsto her i ein annan tråd at denne er viktig hos enkelte, men i min familie er det eit poeng å unngå denne strykekanten. Det gjer jo ting faktisk enda vanskeligare, for da kan ein ikkje stryke ermet flatt, men må fikle jernet til i midten og snu ermet fleire gonger for å komme over det heile.
Kva gjer de andre med ermene i bunadsskjortene?
|