Fortell meg om tørketromlar
Eg har aldri delt hus med ein tørketrommel. Tja.. eg har aldri skrudd på ein tørketrommel ein gong. Det er ein maskinting eg veit ingenting om.
Men eg ser at det hadde vore herlig å sleppe sengetøy hengande til tørk over dører og sofaer. Vi bur i leilighet og har ikkje stort stativ ute - berre eit vanlig eit. Det står altså alltid framme med kle til tørk, fordi vi må vaske ein maskin daglig for å halde logistikken i orden. Det tar tid for kle å tørke... og la meg ikkje begynne med fuktproblema vi har om vinteren...
Bla bla bla.. altså. Eg er villig til å bruke cash på ei god maskin, men Miele til 24 000 håpar eg VERKELEG ikkje er nødvendig Kva skal eg sjå etter? Dette med utlufting - må ein då lage hol i veggen? Kva merker er bra? Er det nøye kor fort rundt dei går, kor mykje varme dei lagar etc. ?
Enlighten me please!
|