Sv: Hva kan jeg bruke eplemos til?
Eg frys ned i bitar (deler gjerne i båtar med sånn deledings som dei ofte sel i fruktdisken, vi har små epler) i posar, passe mengde til ei eplekake. Det er berre å lage eplekakerøre og heller frosne bitar over - den treng ca 5 minutt meir steiketid (eller høgare temp eller høgare i omnen) enn vanleg når du bruker frosne. (Dei blir våte når dei tiner, så det er best å bruke dei frosne.)
Eplemos har eg òg brukt i staden for mjølk/væske i muffins og kaker.
Når vi har mykje epler har vi levert til pressing og fått råsaft tilbake som vi har lagd cider av sjølv. Det går også an å betale eit mellomlegg og få pasteurisert eplemost på flasker.
|