Potte om orkidé?
Eg har ein orkidé som kjem med ny stengel no, og i dag oppdaga eg eit lite skot til. Men eg oppdaga òg at det er omtrent ikkje bark igjen i potta, berre røtter. Dei kjem ut under potta, og gjennom luftehull på sida. For ikkje å snakka om at et er ei stor vase med luftrøtter oppå, og det kjem stadig nye. Så kan eg flytta den over i ny potte no når den kjem med nye stengler? Det er typisk meg å ta knekken på dei når dei endeleg gjer seg klar til å blomstra igjen.
Har forresten ein til som berre kjem med nye blad, og ingen stengler eller nye luftrøtter.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|