Ny mobil med sms-ar på
Eg kjøpte ein rimeleg mobil tidlegare i dag, som "nødmobil" for Minste. Mobilen låg i øskje med strips rundt og vi opna ikkje for å sjekke telefonen. No har eg sett i SIM-kort (nytt kontantkort), har starta opp mobilen og der ligg det allereie ein haug med SMS-ar, både i Innboks og som Sendte.
Kva i alle dagar har skjedd her? Det var ikkje vanskeleg å finne ut kven som har sendt og motteke meldingar, men nummeret stemmer ikkje med det som eg har fått. Er telefonen brukt frå før? Er det NetCom eller Expert eg skal klage til i morgon?
|