Ein litt forsiktig varm veggfarge da?
Inspirert av Kirsebær sin tråd, så prøver eg meg også. Vi har eit heilt hus som skal ha maling, med tid og stunder i alle fall. Eg kjenner eg blir svett av tanken. Eg blir dradd delvis mellom "kvitt er nå kvitt, ein nyanse hit eller dit kan da ikkje bety noko", til angsten for svakt grøne vegger.
Nå er eg ei dame som malte min første leilighet i kaffe-latte tiden. Da alt var "Lys Toscana". Dei med meir guts malte Claro. Eg syns det var veeldig fint med kaffe på veggen, men blei veldig lei det gule mot slutten av 2000-talet. Nå vil eg ha det lyst og lett, men er bekymra for dimensjonane på veggene. I hovedetasjen er det nesten 4 meter opp under mønet. Og det kjem overlys inn vindua der oppe. Eg vil ikkje ha det kaldt. Eg heller meir mot det varme enn det kalde. Eg brukar med glede sterke fargar i interiør, f.eks rødt og orange. Det er svært lite kvitt, svart eller romantisk shabby hos oss. Golvet vil truleg bli kvitmattlakka eik. Dei fleste vindua er mot sørvest og vest, slik at kveldane kan kanskje bli litt gylne mot veggene. Too much med gult i malinga da?
I dag har eg raska med meg ein del brosjyrar. Mannen har lagt ned veto mot Chi - som eg vurderte som aktuell. Han meiner den er altfor kald. Men har folk god erfaring med Refleksjon (0801-Y25R) eller Letthet (0501-Y01R) Ein farge som heiter Papir (ingen kode på den) ser også ganske fin ut, men liknar veldig på Chi, og har muligens samme kode? Standardane Bomull/egghvit er vel ALTFOR kjedelig å male veggene med? Men kanskje det er dei eg må velge, sidan dei er kvite med litt gult i.
Er eg kanskje ein sånn kjedelig ein 
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|