Vaske trekket til overmadrass
Det har me nok ikkje gjort før. Senga er åtte år gamal, og eg fekk eit akutt anfall av arbeidslyst i dag, så senga er strippa. Det står at det kan vaskast på 60 grader for så å drypptørkast.
Vågar eg å vaske det på 60 grader? Eller er det større risiko for krymping dess høgare vasketemperatur?
Og drypptørking - det tar vel ei god stund å få det tørt? Middels sentrifugering skal visst nok vere greit.
Og kor mykje jobb er det å få det på igjen? Den er delt i to, ein overdel og ein underdel og glidelås rundt.
__________________
Bergensis
|