Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Nyheter og media

Statskirken opphører i dag

Nyheter og media Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 15-05-12, 16:34   #10
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.755
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Statskirken opphører i dag

Her var det mykje synsing på snervert grunnlag. Eg prøver å kommentere litt av kvart her, for denne saken har eg lese ein del om.

For det første: for mindre tabloide innfallsvinkler til denne saken, anbefaler eg søkeordene kirkeforliket. Heile avtalen kan lesast her: http://multimedia.api.no/www.vl.no/a...l_1826620a.pdf . Dei viktigaste endringene er

  • Utnemning av biskopar, prostar etc. blir flytta frå regjering til kyrkja.
  • Staten skal framleis finansiere kyrkja og kyrkja skal vere ein del av den offentlege forvaltninga vidare.
  • Kyrkja skal framleis ha ein særstilling i grunnloven, men andre livssyn og trussamfunn blir sidestilt med kyrkja.
  • § 2 blir endra til: ” Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettighederne.” Det betyr at "evangelisk-luthersk" (som er den "norske" retninga i kristendommen, blir fjerna og at den humanistiske arva blir likestilt med den kristne, samtidig som menneskerettane får større plass.
  • Finansieringsordning og gravferdsordning blir vidareførte, medan det skal oppnevnast eit utval som skal utrede andre seremoniar.

Endringane er små, og den største praktiske konsekvensen er dette med utjevning av biskopar. Grunnlovsendringa åpner derimot for andre endringar i lovverket. Det betyr at fridagar etc. ikkje blir berørt i første omgang.

For det andre: RLE-faget er forkortinga for religion, livssyn og etikk. KRL-faget blei ikkje godkjend av menneskerettsdomstolen i Haag. Det nåverande faget dreier seg om religion, då kristendommen som kulturarv og andre religionar, andre livssyn og filosofi og etikk. Dette er ein viktig del av allmennkunnskapen, fordi vi lever i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn og fordi kunnskap skaperforståing og bryt ned fordommar.

For det tredje: folk har rett til fri på religiøse høgtidsdager, uavhengig av religion, både i skule og arbeidsliv.

For det fjerde: nokon spør om barne-/voksendåp. Dette er ein omfattande teologisk debatt. Katolisisme og luthersk kyrkje praktiserer barnedåp, noko som er begrunna i det Jesus sa om at små barn skulle komme til han. Noko av symbolikken bak barnedåpen går på at tru er ei gåve ein får i dåpen, utan at ein kan gjere noko for det. Det er altså ikkje gjerningsbasert. Motstandarane av dette, pinsebevegelsen og baptistane praktiserer "dåp av truande". Dei kritiserer barnedåpen, fordi barnet ikkje kan ta eit kunnskapsbasert val på kor vidt det skal døypast eller ikkje. Dette er ei av dei største teologiske skillelinjene mellom dei ulike kyrkjesamfunna.

nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 13:02.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no