Bra kaker til frysing?
Eg har starta permisjonen før Toern, og etter at denne veka er over så tenkte eg bruke litt tid på baking til fryseren. Vanlegvis baker eg boller, sjokoladekake og eplekake - men litt meir variasjon hadde jo gjort seg. Tips, anyone?
Eg har rabarbra, rips og kirsebær i fryseren, normalt ville eg dryssa dette oppå samme oppskrifta som eplekake - og det funker jo, men...
Dei bør helst ikkje MÅTTE ha glasur på seg etter tining. (Dersom dei BØR ha det så må den vere enkel og kjapp å lage, og bestå av ingrediensar som står seg godt i kjøleskapet.)
Oppskrifter som er skalert for brødformer eller langpanne er ein bonus, eg liker nemleg kaker eg kan smake på sjølv utan at det vises for godt 
|