E-bøker, ePub-formatet og bokhandlarar
Eg fekk epost frå bookdepository.co.uk i går:
Sitat:
The Book Depository has come to the decision to cease selling eBooks, as we feel that the customer experience we were able to offer was not as good as it should have been. This is partially driven by complexity in format and the number of differing devices, which we found often led to customer frustration. We will instead focus on adding more new books to our, already 8 million strong, title selection.
Eg har ein Sony Reader, og valde denne for halvanna år sidan, fordi eg ville unngå monopolet til Amazon, på Kindle. Bookdepository har vore den butikken eg har brukt, når eg har kjøpt bøker i ePub og eg synest det er synd at dei slutter med dette.
Mitt spørsmål er derfor: er det andre gode ebokhandlarar som fører ePub-formatet? Eller betyr dette at Kindle har "vunne" formatkrigen, og at andre lesebrett blir ubrukelege, akkurat som minidisc-spelarane?
|