Sv: Kvinner og karriere
Nå har eg litt dårleg samvit for å starte ein tråd og ikkje følgje opp, men det har vore mykje som har skjedd både i går og dag.
Aspektet med at det tar lang tid før kjønnsforskjellane jamnar seg ut blant folk i 50-åra, sjølv om kjønnsforskjellane er snudd opp ned på dei prestisjetunge studiene, er jo veldig interessant! Det har eg ikkje tenkt på i det heile tatt, men det seier seg jo sjølv at det tar litt tid før alle dei kvinnelege studentane får opparbeida seg nok erfaring og kompetanse til å overta toppstillingane. Det er jo eit veldig viktig aspekt, som det er rart at Aftenposten-saken og andre, liknande saker ikkje tar høgde for.
I Aftenposten-artikkelen eg lenka til, står det til slutt litt om moglegheit for heimekontor og kveldsjobbing. Og det kan jo hende det ville vore lettare å kombinere karriere og familieliv, viss arbeidslivet var meir fleksibelt. Far er på jobb frå 8-16 medan mor er på jobb frå 14-20 (+ evt. overtid) eller omvendt. Dersom dette var "vanleg" ville ein heller ikkje mista så mykje av det kollegiale fellesskapet ved å jobbe til andre tider.
|