Sv: Timeantall i barnehage og SFO
Godt at det ser ut til å ordne seg! For nesten 10 timar i barnehage er veldig lenge!
Vår barnehage er berre open frå 07.30 til 16.30, så det ville uansett ikkje vore aktuelt for oss. Lurer på om det ikkje er ein sånn regel om maks 9 timar i kommunen også. Våre barn er i barnehage frå ca 08.15 til 15.15 kvar dag. Eldste har 60% SFO og er der frå 08.30(når skulen begynner) til 15.30. Eg og pappaen har flexi-tid begge to og gjer det slik at ein leverer og den andre hentar. Vi har to skranglekassebilar i staden for ein skikkelig bil for å få kabalen til å gå opp. Vi er superfonøgd med barnehagen og eg trur absolutt dei hadde takla fint å vere ein time lengre i barnehagen kvar dag, men eg føler at det ville blitt for lite tid heime då. Og så sparar vi litt pengar på at eldste berre har 60% SFO.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|