To do-app, iPhone
Eg saknar ein god, grei to do app. Altså eit program som held styr på alt eg må hugse, rutinar som gjentek seg (med varsel), plass til å notere etc. Eg treng å halde orden på det eg må hugse på jobb, bl.a tidsfristar, det å hugse å sette ut søppel på riktig dag, bursdagar, "hugs-å-kjøpe (ikkje handleliste nødvendigvis), tannlegetimar, ungane sine avtalar etc.
Design er ein issue. Eg frydar meg over appar som er fine, og brukar dei.
Nå brukar eg kalender i iphone, og den held greit oversikt over avtalar så klart. Men eg saknar ein samla oversikt over oppgåver og fleire funksjonar. Og eg vil ha gjentakande lydvarsel fram til ei oppgåve er utført (for kven gidd sette ut søppel midt i filmen?)
Eg betaler gjerne. Har sett på Orchestra og Errands. Den første er glossy og fin, men verkar litt unødvendig med epostar som skal hit og dit. Den andre er litt meir traust, men kanskje det eg vil ha? Er det nokon som har tips og erfaring? Ser det finst mange svært kompliserte der du kan skrive inn reiseskildringar og mykje rart - det blir overkill for min del.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|