Lampe (pendel) til gutterom
Vi har flytta inn i nytt hus, og guttungen er litt muggen på at jenta har fått ein lampe som ho ønska seg, ein slik ein (kjøpt for halv pris med rabattkode )
Nå vil jo ikkje han ha ein slik lampe da, for den er jo altfor jentete må vite. Bamsar, tog og denslags utgår, han er 7 år og stor! 
Den kan gjerne vere blå, grøn, orange eller gul. Han likar klare fargar. Veggene er kvite og på golvet har vi kjøpt eit stort grønt teppe
Har vurdert FL/Y , men den er da unødvendig dyr til eit barnerom. Men så fin! Ein rislampe er eit alternativ, til brøkdelen av prisen, men finst dei i fargar? Om den var gul kunne den liksom vere ein måne... Har sett på IKEA sine i klare fargar og skyer på, men dei blir litt barnslige dei også.
Noko som har forslag til lampe?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|