Hjelp til vestlending som skal kjøre tog på austlandet
Om nokre dagar skal eg på jobbreise. Fly Bergen-Oslo, og deretter tog til Lillehammer. Flybillett har eg ordna, og trur eg har ein halvtime på meg til å rekke eit tog nordover. Men på nsb sine sider ser det ut til at det ikkje går tog likevel?? Det poppar opp tekst om at det er stengt mellom "Notodden og Nordagutu" - og eg er ikkje godt nok kjent til at eg veit korleis det påverkar meg. Eg får i alle fall ikkje opp nokre valg, så da antar eg at eg ikkje kan ta tog likevel da?
Leiebil er mulig, men kor lang tid tar det å kjøre frå Gardermoen til Lillehammer? Det er da eit ganske godt stykke? NSB setter sikkert opp buss der som linja er stengt, men neimen om eg veit om det er mulig å rekke fram i tide...
Da fekk eg vell smake på frustrasjonen over tog på austlandet eg også 
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|