Rica Dyreparken
Nokon som har prøvd det hotellet? Eg har akkurat bestilt rom til neste helg, men følte det var minimalt med informasjon på nettsida deira. Eg likar å kunne lesa om hotellet på førehand, men her stod det jo nesten ingen ting.
Korleis er frokosten? (Hotellfrokost er jo alfa og omega. ) Er det grei størrelse på rom og bad? Leikerom for barn? Korleis er prisane i restauranten?
Siden både eg og mann i huset skal jobba i haustferien, skal me ta ein tur i dyreparken neste helg. Eit lite plaster på såret for jentene, og litt avveksling for heile familien. Dessuten var det ok pris på hotellet.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|