Aktivitetar i 8-årsdag?
20 jenter kjem i selskap om nokre dagar, og eg er litt skrekkslagen, må innrømmast. Kva skal dei aktiviserast med?
Dei er utruleg ulike, alt frå jenter som overtek heile selskapet (på ein ikkje positiv måte) om dei får frie tøylar, til jenter som helst prøvar å gå i eitt med veggen, dersom dei ikkje blir løfta fram og med i leiken.
Tidlegare har vi hatt stramme tøylar og felles aktivitetar av typen skattejakt, der sjokoladepengar er premie, som deretter skal brukast i pølse- og iskiosk. Populært tidlegare, men kanskje dei er vokse frå dette no?
Vi har hatt pynting av pepperkaker, der eg har laga kakene på førehand og dette har vore populært for dei fleste, medan enkelte nokså demonstrativt har gått og snudd oppned på rommet til Minste medan dei andre har pynta, så eg trur dette utgår i år.
Eg vil helst unngå film av ulike grunnar.
Forslag blir motteke med stor takk! 
|