Pinnekjøtt som del av buffet (til jul)
I år kjem mannen min sin familien til oss til jul. Dei er ikkje norske, og overnattar derfor fleire netter. Deira mattradisjon til jul er naturlig nok ikkje lik den norske, men både eg og dei er stort sett alt-etande, nysgjerrige, og ikkje spesielt opptatt av at det må vere slik og sånn.
Tenker å ha and på julafta, alternativt kalkun. Men eg vil jo gjerne ha pinnekjøtt ein dag også, og lurer på om eg skal servere det på veslejulafta, som del av ein buffet. Da kan ein jo velge det bort om ein syns det blir for sært og norsk.... Kva foreslår de som god mat som passar i saman med pinnekjøt, kålrotstappe, og muligens potetstappe? Kyllingbryst av eitkvart slag? Dadler og bacon? Ratatouille? Skinke og salat? Waldorf? Er litt i villrede...
Begge mine svigerforeldre er interessert i mat og er opptatt av det. Dei tåler mykje smak og variasjon, men har ytra ein viss forbløffelse over at nordmen et kålrabi som festmat...
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|