Les ein debutant
Er det nokon som har lyst til å vere med på ei debutantutfotdring i 2013? Eg har inntrykk av at det er mange spennande, nye stemmar, som druknar litt i mengda for tida. Ved å lese ein debutant og fortelje litt om kva vi har lese, kan vi kanskje hjelpe kvarandre å finne fram i jungelen og oppdage nye, spennande forfattarar. Er det nokon som har lyst til å vere med?
----
Eg held på med Cecilie Aurstad sin debutroman Bare ukedager, akkurat nå. Det er ein lett dagboksroman som tar meg med tilbake til den første tida etter at eg flytta heimefrå. Eg-personen er 19, har alkurat flytta til Oslo for å studere, bur i kollektiv og blir overraska over kor dyrt det er med zalo. Det verkar som ei god bok, så langt, ho er velskriven sjølv om ho har eit litt lett chic-lit-preg.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|