Etter å ha hissa meg litt opp i ein anna tråd, blei eg oppfordra til å komme med eksempler på nye, norske bøker som er gode etter objektive kriterier (og ikkje fordi dei er norske).
Nå som eg er heime og har eit tastatur å skrive på, vil eg trekke fram nokre titlar som har gjort inntrykk på meg dei siste åra.
Ingen må vite av Aina Basso (2008): Dette er Basso sin debutroman, ein kort, vakker roman om ei fjorten år gammal jente som veks opp på ein liten husmannsplass på 1700-talet. Boka skildrar kjærleik og vennskap, overgrep og redsle på ein svært gripande måte. Det er noko med det poetiske språket til Basso, som gjer at heile teksten blir svært sanseleg og nærverande. Når hovudpersonen tar tak i eit friskt, grønt blad og gnir det gjennom fingrane, er det nett som eg kan kjenne lukta. Desse intense og sanselege skildringane, gjer Ingen må vite til ei svært god bok. (Eg har andreboka til Basso, den brageprisnominerte Inn i elden, frå 2012 liggjande i bokhylla, men den har eg ikkje lese ennå).
Mnem av Simon Stranger (2008): Dette er ei bok eg meiner kan måle seg med forfattarar som Siri Hustvedt, Nicole Krauss, Jonathan Franzen og Haruki Murakami. Det begynner å bli nokre år sidan eg las Mnem, og eg trur boka begynner å bli moden for ei omlesing. Derfor limer eg inn noko eg sjølv skreiv, då eg akkurat hadde lese boka.
Simon Stranger har skrive ein roman med utgangspunkt i den fiktive byen Nem. Romanen har to hovudpersonar, Peter som blei født i byen i 1955, som er forfattar og kjem tilbake til byen for å skrive ei bok om historia til byen. Den andre hovudpersonen er Oliver, som var ein av grunnleggarane til byen, og som er i ferd med å miste hukommelsen sin. Medan Peter jobber seg bakover og forsøker å finne ut historia om byen, er det som hendte på 50-talet snart det einaste Oliver hugser. Byen Nem blei grunnlagt i 1955 av 5 unge studentar som hadde lese etikken til John Rawls. John Rawls sin filosofi tek utgangspunkt i at dersom ein skal kunne bygge eit perfekt samfunn, må dette samfunnet byggast av mennesker som ikkje veit noko om sin eigen posisjon i samfunnet. Romanen forteller historia om kva som gjekk gale i dette samfunnet. Samtidig forteller romanen om denne byen i dag.
Stranger har leiga ein arktiekt til å teikne byen og gatene og dette bybildet er sentralt både for struktureringa av romanen og sjølve handlinga. Romanen er bygga opp rundt gatene i byen, og gjennom å fortelle om kva som foregår i dei ulike gatene og husa klarer Stranger å konstruere ein roman full av store og små fortellingar om einskildpersonar, nokre av folka i husa blir presentert på få linjer eller som tilfeldig forbipasserande, medan andre av husa har ein historie som tek oss med på lengre fortellingar til tulipan-børskrakket i Nederland på 1600-talet eller til ein kjærleikshistorie frå Frankrike på 1700-talet. Den vakraste av desse små historiane er fortellinga om eit jødisk ektepar på gamleheimen i Nem.
Det som gjer denne romanen så spesiell er blandinga av sjangrar, fortellarar og fortellarmåter. Nokre av avsnitta om Peter er fortalde i du-form. Dette er med på å skape ein heilt spesiell form for nærleik til hovudpersonen, medan mesteparten av fortellinga om Peter sine undersøkingar i Nem har vanleg tredjepersonsfortellar. Innimellom kjem det dikt og teikneseriar og meir vitenskapelege skildringar, med utgangspunkt i korleis verda blei til eller korleis cellene i kroppen oppfører seg. Oliver si historie får vi først og framst fortald gjennom dagboka hans, der han skriver for å hugse. Til og med fortellinga om flygeøgla, som blir gravd opp på tomta der byen blir bygga, av nokre arkeologar på 50-talet, har fått plass i romanen.
Bakerst i boka finner vi eit oppslagsverk, der forfattaren forklarer ein del ord og uttrykk. Under oppslagsordet "totalroman" finner vi henvisningar til "ungdommelig overmot", "umulig" og "idioti". Og kan hende det er eit umogleg prosjekt Stranger gav seg i kast med for fem år sidan. Men det er langt i frå idioti, for sjølv om det kanskje er umogleg å skrive ein totalroman, er dette eit forsøk med eit veldig vellukka resultat.
Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold (2009): Dette var ei bok eg valde å lese, fordi eg syntest tittelen var så fin. Også dette er ein debutroman. Boka handler om Mathea Martinsen frå Haugerud, som slit med sosial angst og lev livet sitt inne i leiligheita si på Haugerud. Ho har aldri blitt lagt merke til, ikkje ein gong då ho blei truffe av lynet to gonger, i skulegården. Boka har eit leikande og humoristisk språk, sjølv om ho handlar om ei gammal og einsam dame. Dette er ei lett bok, og ei minneverdig lesaroppleving.