Kjenner du til skjør-ost?
Eg har oppdaga at det finst ein norsk "ekvivalent" til den islandske skyr'en. Det er skjør, eller skjørost! Som jo er logisk, namnet i betraktning. Eg ser at Rørosmeieriet lagar den. Osten er basert på skumma melk (slik som skyr på island er).
Vi er veldig, veldig glad i skyr her i huset. Mannen er islending, og islendingar et i snitt 11 kilo skyr i året Dei et altså IKKJE den der aspartam-varianten ein får kjøpt i Norge. Den kjøper vi ikkje, men vi tar gjerne naturell-varianten der vi finn den. Rører den opp med sukker og fløyte, eller bær.
Skyr er jo ein ost som vikingane sannnsynligvis hadde med seg då dei reiste til Island. Så at den ikkje skulle finnast her var ei gåte for meg. Heilt til eg nå fann ut at joda, den er ikkje ukjent, men at den nesten har gått ut av bruk hos oss. Da lurer eg på om nokon her kjenner til skjør?
Mange framgangsmåtar på nett, m.a. her.
Vi har tenkt å begynne å lage skjør /skyr heime. Har tenkt å skaffe ei god panne der ein kan regulere temperaturen. Svigerfar kjem neste månad og kan ta med ein boks skyr som vi kan ha som start (vi syns islandsk skyr er litt betre enn den norske). Og så treng vi løpe. Er litt forundra over at Rørosmeieriet seier at skummamelka må vere syrna, men alt vi finn av oppskrifter for skyr på nett seier at det er søt skumma melk.
Nuvel - kjenner du til skjør eller skjørost?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 27-01-13 kl 21:09.
|