Sv: Spinoff fra barnehagedebatten; har du gått i barnehage?
Eg gjekk litt i barnehagen, men eg huskar ikkje når eg begynte. Det var ein deltidsbarnehage, så eg trur det var tre gongar i veka. Trivdes vel godt der. Kjekt å treffe andre ungar. Og fleire av dei som gjekk der snakkar eg med framleis. Me gjekk i barnehage, barneskule, ungdomsskule og nokon gjekk eg og på vidaregåande med. Så me hang saman i ganske mange år.
Eg er født i 1980 og mamma jobba fulltid, det same gjorde pappa. Så om morgonen pakka pappa meg inn i soveposen min og kjørte meg til mormor. Der blei eg lagt inn på sofaen hennar og så var eg der heile dagen. Når eg starta i barnehagen, så meiner eg at det var andre foreldre som henta og kjørte meg, saman med sine ungar.
Mine foreldre såg eg lite til dei første åra og eg veit at det er noko mamma angrar på. Men det var slik det måtte bli, når dei hadde full jobb begge to og nytt hus. Permisjonsordninga var og noko heilt anna i 1980 enn kva den er no.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|